lørdag 2. oktober 2010

http://www.lindesnesfyr.no/?page=301&menu=60&id=1040

Tenker ofte tilbake på den uforgløymelege sykkelopplevelsen me hadde. Ikkje minst på alle dei fantastiske menneskene som stilte opp for oss på så mange måtar: Gav oss ly for natta, fylte magane med mat, sosialt samver, spona oss med mat, kaffe, fergetransport, sykkelvedlikehold, etc. Også takk til alle lokale heltar som berre stoppa opp, viste interesse, slo av ein prat, fortalte historier, gav oss tips og råd på vår vei. Ein litt meir utdjupande "takk" kjem under:

Takk og hyllest går til:
  • Taxisjåføren som gjorde starten på sykkelekspedisjonen frå Nordkapplatået til den lange tunnellen litt lettare for oss.. Takk for at du passa på bagasjen i mellomtida :)
  • Herr og fru i Repvåg som varma opp grillhytta si til oss og lot oss telte i hagen!
  • Helene og Geir for at de møtte oss på Skaidi! Det satt me så stor pris på! :D
  • Anita for at du gav oss gode rabbatter på hotellet ditt ;) Me va veldig forngde fornøyd med både mat, opphald & service!! Du e topp :)
  • Kjirsti på Medisin C - for tuting og heiing opp stigningen i Kvænangen! -Følte det var nokon kjendte i den bilen ;)
  • Lyngseidet - for koselig overatting ;)
  • Ingvald André for at du opna heimen din i Tromsø by til sveitte sykkelistar! Godt å møte på Øygardingar så langt nord i landet :)
  • Vigdis kjenningar på Træna som lot oss campe på terrassen
  • Per-Jørgen og Tove for skyss av bagasje, eit NYDELIG herrmåltid, vennlighet og stor gjestfrihet tross me aldri hadde møtts før. Kjekt å bli kjendt med dykk! Artig å oppdage igjen så liten verden er.. kem skulle tru at Per-Jørge jobba med laks uti havgapet ved Lovund og at lederen då kjenner til familiebedrifta til Blom fiskeoppdrett?!? ;)
  • Takk til ein lokal helt for lån av bil då det vart oppdaga at ein jakke ikkje var med på sykkellasset... ;)
  • Ansatt ved Sjøåsen hotell for positivitet, godt humør og god service til ein gjennomvåt og kald sykkelist. Var veldig takknemlig for at de hadde ledig rom på så kort varsel.
    Kjipt å måtte ligge i telt i øsende pøsende regn og vind som lett blåste deg og sykkelen av vegen..når ein allerede er gennomvåt frå før ;) Ikkje minst vil eg takke for lån av PC og opplading av Mp3 :) Ein luksusgode for ein sykkelist :)
  • Laila og Willy (Willy-Anrdés foreldre) - tusen takk for at de ville opne dørene for Anne-Kristin. Takk for henting og kjøring ut til gården. Takk for god oppvartning med både mat, husly og trivelig selskap. Dere er nåken flotte personer!
  • Ole-André og Ester - for godt selskap. Så gøy å berre plutselig støte bort i deg Ole mens du va på joggetur. Det passa perfekt så me kunne få privat guiding til Esters heim :) Og takk Ester for overnatting, mat og kvalitetssamvær! Så godt å henge med deg igjen! Ein liten takk går også til deg Sigurd. Det måtte nesten vere greitt for deg også at to sykkelister med mykje pakkenelliker kunne invadere leiligheten eit lite døgn.. ;)
  • Takk til verten på ei kro mellom Trondheim og Selbu - for at du haddefyrt i ovnen og at me fekk tørke kleda til me sykla avgårde igjen etter middagspausen!
  • Beitostølen maxitaxi som redda frostskadde sykkelistar etter ein 5-6mils etappe gjennom snøbelagt luft og vei.. Godt me unngjekk alvorlegare frostskader og redningsaksjonar ;p (Den lange timen i badstua utan sveitte og med kaffikoppen i handa taler vel for seg sjølv. Viser til innlegg 26.sept)
  • Takk til mor og far Blom for lån av høgfjellshytta. Den var god til å tine kroppen opp i badstua, samt samle krefter og lade batteriene til dei 5 siste dagane av turen!
  • STOOR takk til den unge "Konsmo-mannen". Kem du var veit me ikkje. Men me takker hjarteleg for varme heimelaga boller og nytrekt kaffi! Det gleda to kaffitørste sykkelister :D
  • Siv-Miriam - Takk for nåken flotte rekreasjonsdagar med deg i den store sørlandsbyen!
  • Sporten i Hammerfest som sponsa oss med med sykkler og utstyr.
  • De der heime som har gitt oss oppdateringer på vêr og vind.
  • Alle som har fulgt og heia på oss undervegs, via bloggen, gruppa på facebook og mobilen.
Meiner å ha fått med alle navn på lista, men dersom noko ikkje skulle stemme så ta gjerne kontak ;)

Div. tallfakta:
  • Total distanse: 2480km
  • Antal dager: 33 (derav 2 kviledager)
  • Effektiv sykkeltid: ca 147,5 timar = ca 6 døgn på sykkel
  • Max-speed: x km/t (av sikkerhetsmessige grunnar er dette talet sensurert i blogginnlegget..)
  • Dagar med regn: ca.4
  • Dagar med snø: 1
  • Vêret ellers: Var knallheldig med solskinnsdagane! Ei stor sol skein oftast fint på himlen. Det går heller ikkje mykje klaging til vindfull dagar.
  • Nydlege haustafragar fulgte med oss overalt frå nord til sør.
  • Overnatting forekom i alt frå telt, til campinghytte, til private hus, motell, xxx, under open himmel og hotell.
  • Bagasje: opp til 28 kg/ per ein person
  • Uhell på turen: 1 punktering og 1 kjedeproblematikk. Ellers berre lause skruer her og der som lot seg lett fikse

Nokre stikkord frå turen:
  • Glede
  • Flotte haustfargar
  • Den varierte naturen i landet
  • energikick
  • sol, sol, regn, sol, overskya, snø og enda meir sol
  • Latter og humor på og bortenfrå sykkelsetet
  • Innpusting av frisk luft dagen lang
  • Hvalsafari
  • Alt frå matlaging med stormkjøkken til lettvint mat på bensinstasjoner og til førsteklasses hotellmiddag og-buffèer
  • Kaffipåfyll på Statoilkoppen. Gleden og jubelen over det - særlig i "ingenmannsland" ;)
  • Sår rumpe - zink og vaselin. det er ikkje til å undervurdere..
  • forebygging av ledd med Tran-Omega3.
  • ein usminka tilværelse
  • Det å nyte livet "her og nu" Ha ein plan, men samstundes ta det litt naturleg som det kjem


Fleire bilder er publisert på facebooksida, for dei som er ikkje har fått med seg det :)

Dag 33, 1.september


Final destination:
KONSMO-LINDESNES
Ca 54km
Total distanse på var rute frå Nordkapp-Lindesnes: 2479 km


Endelig har me nådd målet! Tre superglade jenter telte ned på milene og kilometerene før me ankom Lindesnes fyr tidlig fredag formiddag. Det var ein fantastisk følelse å endelig ha fullført ekspedisjonen :) Og me klarte det akkurat før ruskevêret kom :-)
Ute på Lindesnes fekk me den æren av å være med på fotografiåpningen til Lars Verket, fantastisk eine bilder han har tatt frå kajakkperspektiv!

Det har vært ein knall tur, fylt med mange opplevelsesrike minner; Har sett mykje fin natur og møtt mange flotte folk. 33 dager på sykkel er ei bra lang stund å sitte på eit sykkelsete, men det har likevel gått fort unna fordet :) Me har vært heldig og kun opplevd ei punktering og ellers ingen alvorlige skader enn litt forslåtte kne og handledd etter velt på sykkelen.

Etter å ha budd i sykkelvesker, levd litt usminka og med ein "friluftslivhygiene", ser me fram til å komme heim igjen til den meir normale tilværelsen. Der skal me finne ro og gje kvile til muskler og ledd, samt treffe familie og venner igjen. Men ein ny sykkelekspedisjon vert lett planlagt, men då vil den gjerne helst gå til eit anna område ;)

Takk til alle som har stilt opp for oss med å sjekke syklene, fikse litt lause skruer her og der, sponsa oss med ein og fleire kaffekopper og andre ulike rabatter, vist oss gjestfrihet, og gitt oss mat og tak over hodet undervegs. :)


Ellers kan du nå finne oss på Lindesnes fyr sine nettside: http://www.lindesnesfyr.no/?page=301&menu=60&id=1040

fredag 1. oktober 2010