Litt om oss...

For dei som ikkje kjenner oss så altfor godt;
er me glad i naturopplevingar i stort og smått.
Liker jogging og sykling på flat veg og terreng
Fysisk aktivtet er jo betre enn sofa- og TV-heng ;)
Kanskje er me nokre kortvoksne jenter
Men føler oss likevel som hardhause helter.
Har konkurranseinstink men prøver sjå lyst på livet 
Også når ledd og musklar vert kjempestive
c¨,)

Er tre eventyrlystne 25-åringar frå Bergens "aust og vest"
som er opne og klar for ein real langdryg sykkeltest.
Miss Anne frå øyriket i vest og Miss Silje og Miss Sophie frå Brakstad gård
skal teste utholdenhet og muskelstyrke i rumper, kner og lår!

Skal no utfordre seg sjølv og kvarandre på ein krevjande ekspedisjon
Satsar på at det langs vegane ikkje vert noko form for kræsj og kollisjon

Det seies: "fysisk aktivitet er nøkkelen til helse og forlenga liv"
og på sykkelsetet tar me med oss dette som mental driv.

Med opptrening i forkant i naturens veg, mark og fjell
Vonar me at sykkelturen ender heilskinna med lykke og vel!




Me har lengje hatt ein draum om å sykle Noreg på langs,
og no såg me og greip denne store sjans';
 Å ta sykkelen fatt frå den store nordkalott
og sykle gjenom heile landet til Lindesnes stopp.
Sykkeldraumen har lengje vore ynskjedraum for Brakstad og Blom
Og enda sterkare vart den då me til Nord-Noreg kom!

I vår me realisert den fekk
Ein dag me var ute på tur og gjekk
snaka om livet og det som var
og at den sykketuren hadde vært så BRA!
 Då var igrunn det heile bestemt og gjort
Me skal prøve å utføre noko så stort!
 Med å faktisk sykle frå nord til sør
med blodsmak i munnen og musklar så stiv og støl  :-s


..og kanskje om ein kaffekopp eller overnatting me deg plutseleg spør,
dersom me syklar forbi heimen din og di utgangsdør ;)