lørdag 2. oktober 2010

http://www.lindesnesfyr.no/?page=301&menu=60&id=1040

Tenker ofte tilbake på den uforgløymelege sykkelopplevelsen me hadde. Ikkje minst på alle dei fantastiske menneskene som stilte opp for oss på så mange måtar: Gav oss ly for natta, fylte magane med mat, sosialt samver, spona oss med mat, kaffe, fergetransport, sykkelvedlikehold, etc. Også takk til alle lokale heltar som berre stoppa opp, viste interesse, slo av ein prat, fortalte historier, gav oss tips og råd på vår vei. Ein litt meir utdjupande "takk" kjem under:

Takk og hyllest går til:
  • Taxisjåføren som gjorde starten på sykkelekspedisjonen frå Nordkapplatået til den lange tunnellen litt lettare for oss.. Takk for at du passa på bagasjen i mellomtida :)
  • Herr og fru i Repvåg som varma opp grillhytta si til oss og lot oss telte i hagen!
  • Helene og Geir for at de møtte oss på Skaidi! Det satt me så stor pris på! :D
  • Anita for at du gav oss gode rabbatter på hotellet ditt ;) Me va veldig forngde fornøyd med både mat, opphald & service!! Du e topp :)
  • Kjirsti på Medisin C - for tuting og heiing opp stigningen i Kvænangen! -Følte det var nokon kjendte i den bilen ;)
  • Lyngseidet - for koselig overatting ;)
  • Ingvald André for at du opna heimen din i Tromsø by til sveitte sykkelistar! Godt å møte på Øygardingar så langt nord i landet :)
  • Vigdis kjenningar på Træna som lot oss campe på terrassen
  • Per-Jørgen og Tove for skyss av bagasje, eit NYDELIG herrmåltid, vennlighet og stor gjestfrihet tross me aldri hadde møtts før. Kjekt å bli kjendt med dykk! Artig å oppdage igjen så liten verden er.. kem skulle tru at Per-Jørge jobba med laks uti havgapet ved Lovund og at lederen då kjenner til familiebedrifta til Blom fiskeoppdrett?!? ;)
  • Takk til ein lokal helt for lån av bil då det vart oppdaga at ein jakke ikkje var med på sykkellasset... ;)
  • Ansatt ved Sjøåsen hotell for positivitet, godt humør og god service til ein gjennomvåt og kald sykkelist. Var veldig takknemlig for at de hadde ledig rom på så kort varsel.
    Kjipt å måtte ligge i telt i øsende pøsende regn og vind som lett blåste deg og sykkelen av vegen..når ein allerede er gennomvåt frå før ;) Ikkje minst vil eg takke for lån av PC og opplading av Mp3 :) Ein luksusgode for ein sykkelist :)
  • Laila og Willy (Willy-Anrdés foreldre) - tusen takk for at de ville opne dørene for Anne-Kristin. Takk for henting og kjøring ut til gården. Takk for god oppvartning med både mat, husly og trivelig selskap. Dere er nåken flotte personer!
  • Ole-André og Ester - for godt selskap. Så gøy å berre plutselig støte bort i deg Ole mens du va på joggetur. Det passa perfekt så me kunne få privat guiding til Esters heim :) Og takk Ester for overnatting, mat og kvalitetssamvær! Så godt å henge med deg igjen! Ein liten takk går også til deg Sigurd. Det måtte nesten vere greitt for deg også at to sykkelister med mykje pakkenelliker kunne invadere leiligheten eit lite døgn.. ;)
  • Takk til verten på ei kro mellom Trondheim og Selbu - for at du haddefyrt i ovnen og at me fekk tørke kleda til me sykla avgårde igjen etter middagspausen!
  • Beitostølen maxitaxi som redda frostskadde sykkelistar etter ein 5-6mils etappe gjennom snøbelagt luft og vei.. Godt me unngjekk alvorlegare frostskader og redningsaksjonar ;p (Den lange timen i badstua utan sveitte og med kaffikoppen i handa taler vel for seg sjølv. Viser til innlegg 26.sept)
  • Takk til mor og far Blom for lån av høgfjellshytta. Den var god til å tine kroppen opp i badstua, samt samle krefter og lade batteriene til dei 5 siste dagane av turen!
  • STOOR takk til den unge "Konsmo-mannen". Kem du var veit me ikkje. Men me takker hjarteleg for varme heimelaga boller og nytrekt kaffi! Det gleda to kaffitørste sykkelister :D
  • Siv-Miriam - Takk for nåken flotte rekreasjonsdagar med deg i den store sørlandsbyen!
  • Sporten i Hammerfest som sponsa oss med med sykkler og utstyr.
  • De der heime som har gitt oss oppdateringer på vêr og vind.
  • Alle som har fulgt og heia på oss undervegs, via bloggen, gruppa på facebook og mobilen.
Meiner å ha fått med alle navn på lista, men dersom noko ikkje skulle stemme så ta gjerne kontak ;)

Div. tallfakta:
  • Total distanse: 2480km
  • Antal dager: 33 (derav 2 kviledager)
  • Effektiv sykkeltid: ca 147,5 timar = ca 6 døgn på sykkel
  • Max-speed: x km/t (av sikkerhetsmessige grunnar er dette talet sensurert i blogginnlegget..)
  • Dagar med regn: ca.4
  • Dagar med snø: 1
  • Vêret ellers: Var knallheldig med solskinnsdagane! Ei stor sol skein oftast fint på himlen. Det går heller ikkje mykje klaging til vindfull dagar.
  • Nydlege haustafragar fulgte med oss overalt frå nord til sør.
  • Overnatting forekom i alt frå telt, til campinghytte, til private hus, motell, xxx, under open himmel og hotell.
  • Bagasje: opp til 28 kg/ per ein person
  • Uhell på turen: 1 punktering og 1 kjedeproblematikk. Ellers berre lause skruer her og der som lot seg lett fikse

Nokre stikkord frå turen:
  • Glede
  • Flotte haustfargar
  • Den varierte naturen i landet
  • energikick
  • sol, sol, regn, sol, overskya, snø og enda meir sol
  • Latter og humor på og bortenfrå sykkelsetet
  • Innpusting av frisk luft dagen lang
  • Hvalsafari
  • Alt frå matlaging med stormkjøkken til lettvint mat på bensinstasjoner og til førsteklasses hotellmiddag og-buffèer
  • Kaffipåfyll på Statoilkoppen. Gleden og jubelen over det - særlig i "ingenmannsland" ;)
  • Sår rumpe - zink og vaselin. det er ikkje til å undervurdere..
  • forebygging av ledd med Tran-Omega3.
  • ein usminka tilværelse
  • Det å nyte livet "her og nu" Ha ein plan, men samstundes ta det litt naturleg som det kjem


Fleire bilder er publisert på facebooksida, for dei som er ikkje har fått med seg det :)

Dag 33, 1.september


Final destination:
KONSMO-LINDESNES
Ca 54km
Total distanse på var rute frå Nordkapp-Lindesnes: 2479 km


Endelig har me nådd målet! Tre superglade jenter telte ned på milene og kilometerene før me ankom Lindesnes fyr tidlig fredag formiddag. Det var ein fantastisk følelse å endelig ha fullført ekspedisjonen :) Og me klarte det akkurat før ruskevêret kom :-)
Ute på Lindesnes fekk me den æren av å være med på fotografiåpningen til Lars Verket, fantastisk eine bilder han har tatt frå kajakkperspektiv!

Det har vært ein knall tur, fylt med mange opplevelsesrike minner; Har sett mykje fin natur og møtt mange flotte folk. 33 dager på sykkel er ei bra lang stund å sitte på eit sykkelsete, men det har likevel gått fort unna fordet :) Me har vært heldig og kun opplevd ei punktering og ellers ingen alvorlige skader enn litt forslåtte kne og handledd etter velt på sykkelen.

Etter å ha budd i sykkelvesker, levd litt usminka og med ein "friluftslivhygiene", ser me fram til å komme heim igjen til den meir normale tilværelsen. Der skal me finne ro og gje kvile til muskler og ledd, samt treffe familie og venner igjen. Men ein ny sykkelekspedisjon vert lett planlagt, men då vil den gjerne helst gå til eit anna område ;)

Takk til alle som har stilt opp for oss med å sjekke syklene, fikse litt lause skruer her og der, sponsa oss med ein og fleire kaffekopper og andre ulike rabatter, vist oss gjestfrihet, og gitt oss mat og tak over hodet undervegs. :)


Ellers kan du nå finne oss på Lindesnes fyr sine nettside: http://www.lindesnesfyr.no/?page=301&menu=60&id=1040

fredag 1. oktober 2010

torsdag 30. september 2010


Fortsatt er høytrykket over oss, femte dag på rad. Lykke! :-D



Dagens latter..
Enkelte trengte profesjonell transelation fra en erfaren bondejente, før de kunne gjøre sitt fornødende..



Dag 32


ÅMLI - KONSMO

Turens nest siste dag med tilbakelagt distanse på 116km.har syklet fra åMLI via riksveg 41.videre på R413 og inn på R42 til evje før vi tok siste stykke om byremo (vår kjære venninne og ekskollega Helenes koselige hometown :)) på R455, og til slutt på R460...grådig interessant riksveisinformasjon for dere lesere dette ja :-) poenget er no av det går radig unna, og at vi no e skremmende nær målet! vi fryder oss for det :) og det toppet seg i kveld då en knalla grei kar kom og gav oss en termos med nytrekt kaffi og varme hjemmelagte boller :-) sinnsykt digg! Begynner og lure på om det egentlig er englebesøk vi har hatt?!! Var forsovidt og inne på tanken om bollene inneholdt noe suspekt neddopnings innhold, men vi er no enda adekvat og i fin form. Apropo dop så må vi jo si at vi e no litt skuffet over Contador..., hesteastma dop liksom..heilt utruleg ka en får seg til å gjøre...velvel kunne kansje trengt en liten dose til tider vi og i løpet av denne turen,men vi satser på at morgendagens sjamør etappe skal gå lett og clean for seg :-)

onsdag 29. september 2010





Dag 31


SELJORD - ÅMLI
112km

Joda, me liker tydeligvis å holde oss på ein ca 111 km lang dagsetappe..
Me vakna med sola i dag tidleg, og var letta over å ikkje ha opplevd noko ormattack ved Seljord camping i natt ;) Etter ein solid frukost var inntatt, var det berre å setje seg på sykkelsetet og leggje i veg! -og det er ikkje vanskeleg når sola og godveret er med oss frå morgon til kveld! Me er storfornøyde!! :-D
Til å nevne at me har køyrd slalåm langs Telemarkveien (Rv 41) mellom både levande og daude lemen. Då aller mest av den skviste sorten..
Har forhåpentligvis sykla over vår siste "fjellovergang" om den i det heile tatt kan kvalifiserast som det. ;) Samt har me trilla langs eit nytt vatn, nemleg Nisservantet. Vel framme i Åmli tok me inn på ei fin campinghytte like ved ei elv. Egentlig var det stengt for sesongen, men ein trivelig campingeigar lot oss heldigvis søkje ly for natta i ei av hyttene her. Me vart også fortalt at det skal ver bever her, men enda er ingen observert..
Atter ein dag er over, og søvnen har kalla på oss for lengst. No skal batteria, i fleire betydningar, ladast opp til morgondagens økt. Til då det som truleg vil vere den nest siste dagen på turen! :)


View frå sykkelsetet :)

Ein ny liten fuglekompis som oppsøkte oss i dag tidlig ;)

Dag 30. Austbygde - Seljord


Typisk lunsj...eh finn en feil.
I dag har vi syklet tinnsjøen på langs...dvs to av oss :-) en havnet i Rjukan uten å nevne navn. Sykla også idag 111 km til vi ankom Seljord i håp om å få et glimt av den berømte seljordsormen.. Mye sol om dagen og det liker vi, fantastisk herlig! Uten å henge ut noen så Skal det no nevnes at enkelte har gjort seg kriminell då vedkomende i desperasjon for å få seg en dusj, puttet på en koreansk mynt som erstatninig for en tier, e så gale! Ellers er målet nermere enn det det har vert..som bladene faller fra trærne, minkes det altså med igjenværende dager av ekspedisjon Nordkapp-Lindesnes :-) vi snakker nedtelling og regner med ca tre dager igjen på sykkelsetet. Så langt har vi altså klart dette takket vere en god mengde bein i nesen, vaselin, stort NSAID-misbruk, enorme mengder drivstoff og rumpe- og lårmuskler, som etterhvert er blitt harde som stål ;) flott! nei, folkens livet på sykkelen er absolutt å anbefale!

mandag 27. september 2010

Dag 29


TUNHOVD - AUSTBYGDI
Distanse 99,2km

Vakna til isbelagt telt og kald nasetipp, og det måtte ein god mengde viljestyrke til for å komme seg ut av soveposen. Sola var heldigvis ikkje langt unna, og varma oss resten av dagen. Me får seie som i sangen at når det er sol ute blir det også sol i hjertet og i sinnet. Sol overalt! Og livet e virkelig herlig for oss sykkellister når me trør oss avgårde i sånt ver :)

Har sett mange flotte naturmotiv i dag (har lasta opp nåken av dei). Etter forgje natts kalde oppleving, har me unna oss skikkeleg tak over høvet for denne natta. Mens me ligg under tak og har det godt og varmt, er det stjerneklart ute over Tinsjøen :)

Ellers sånn sykkelmessig merkast det mykje at syklane er godt brukte, då særleg ein av dei høres ut som den har røke viftereima..






Utsikt toppen av Rivsfjellet

Eit av dei mange stabburs me har trilla forbi

Høy solbrillefaktor ;)

...i bøndenes kingdom - Nummedalen

Dag 29


Tunhovdsjøen

Dag 28


LEHOVD -TUNHOVD

Gårsdagen bestod i å slappe av og restiturere såre muskler :-) hyttten til familien blom var da gull verdt! vi bestillte sol for resten av turen og det har vi altså fått ,for Dagen derpå, altså søndag, våknet vi til strålings sol :-) og vi var kjapt back on track og syklet en dagsetappe på 111 km til vi ankom tunhovd. campet der i telt ...dette tross minusgrader ned mot 5-. Dagen var full av vakkre høstfarger, vakkert land vi bor i altså, ja den ska vi ha! ellers ble no vitamin D Dosen litt i overkant med resultat i solbrillemerker og fregne eksplosjon. silje fikk no hilst på et par elg i solnedgang, så vi gikk til ro i håp om at de holdt god avstand frå teltet.

lørdag 25. september 2010

fredag 24. september 2010

Dag 26


SKÅBU - LEHOVD
58km
May day may day!! SOS! Vakna til sludd, og det burde med det ha ringt ei bjelle.. Eneste bjelle som ringte, var bjelleklang over skog og hei, hør på sykkelisters klagesang når sykk'len sklir i vei...
Dette er turens desidert mest livstruande, kalde, våte, og guffne dag, med mykje kvitkledde veier og snøkaver i lufta! Var freaking nær døden heile gjengen med frostgrader, føltes det virkelig ut som iallefall. Jotunheimveien viste seg ikkje frå si beste side, kan du sei. Smerte! Vart ikkje særlig bedre då me ankom Bygdin fjellkro, som ønska oss velkomen med stengte dører og eit skilt som sa "åpent frå 2.april". Var litt lenge å vente, og vurderte sterkt å bryte oss inn. (Gjorde altså ikkje det då.) 113 var også oppe til vurdering...
Dramaet løyste seg på mirakuløst vis, og endte opp på mamma og pappa Blom sitt høgfjellshotell. :) Badstua der vart fyrt kjapt opp, kor me sat ein god time og pimpa varm kaffi -av alle ting. Skuldrene sank og me fekk i oss varmen igjen. No er alt berre fryd og gammen :)

Dag 25


VOLLUM - SKÅBU
83,66km

Trasé over Ringebufjellet gjekk lett, ankom Vinstra tidlig på formiddagen. Fekk hjelp der til mekking av sykkler som i løpet av turen har fått en del knall og fall... Inntok så ein skikkelig digg burgertallerken til middag, Forbrenninga er skremmende høg om dagen, men energien trengte me til ettermiddagens oppoverbakker. Me snakker drøye 3 mils stigning til 800 moh. Tok inn på ei hytte på Skåbu, og fekk varmen i oss der.

onsdag 22. september 2010








Haust ved Rondane


Dag 24


SAVALEN - ENDEN
87,5 km

Etter ei god natts søvn, venta eit festmåltid av ein frukost på oss. Sat der ein god time, og heiv innpå x-antal skiver med godt variert pålegg og anna digg me fann på buféen.

Sykla så videre på ein vakker skogsvei som skulle føre oss til Folldal.. Grunna utruleg dårleg skilting, endte me opp hos Solan og Ludvig i Alvdal. Smell!
Uten å gå i detaljer, gjekk turen videre til Folldal. Derifrå sykla me langs Rondane Nasjonalpark og endte opp i Enden, ved foten av Ringebufjellet. Fortsatt godver og flotte haustfarger.
Ser fram til i morgon då me skal over Ringebufjellet og videre til Vinstra.

tirsdag 21. september 2010


Utsikt frå Savalen

Haustfargar langs vegen og tynt snølag over enkelte fjelltoppar.. Me har bestilt mild temperatur der me ferdast :)

Dag 23


RØROS - SAVALEN
-en liten etappe på 76km


No er me kome 7,6 mil lengre på ekspedisjonen, og ein ny dag er unnagjort. Er ferdig med å sykle gjenom trønderriket, og har entret Hedmark fylke. Me ler no litt av oss sjølve, med tanke på vårt bedagelige tempo... Har sine naturlige årsaker med vonde kne, stive muskler, forkjølelse, og tilfeldige høyfjellshotell som plutselig dukker opp og lokker med spa... Me falt i dag for denne fristelsen, og booka ein etter ein inn på hotellet og dets masasje. Sjølvsagt var det velværsbasseng og boblebad som me også benytta oss av. Knallgodt å få mjukne opp i muskler og ledd etter over 20 dager på sykkelsete! -neida, me e ikkje 75+ (berre sammenlagt). Og med det glir me rett inn i hotellgjestane sin gjennomsnittsalder ;)

Vegen frå Røros til Tynset gjekk unna lett som ein leik, med fint flatt terreng. Litt shakey fulgte me E3 nokre kilometer, før me svinga av på ein mykje mindre trafikkert vei, retning Savalen. Haustfargane samt eit lite ekorn viste seg her i sol og fint
ver, foruten om ei og an veldig lokal regnbyge :)

Ellers kan me no bekrefte at jaktsesongen er igang! Har høyrd skudda frå skauen fleire dagar no, og begynner å undre litt på om det er oss dei sikter på...? Flotte sykkelryper som me er :)

mandag 20. september 2010

Dag 22


Bakgården til Frøyas hus


Dag 22


Ein svak regnbue viser seg bak haustfarger ein plass på fjellet ved innsjøen Rien

Dag 22


Stugudalen - Røros
67,25 km.
Her kjem ei lita oppdatering frå dagen. Grunna trøtthet blir det ein kortversjon ;)
Dagen har gitt oss mange flotte høstfarger over fjellet frå Stugudalen til Røros. Har passert Aursunden i flott ver, og nytt utsikten langs sjøen. Været har bestått av alt frå sol til regn, haggel og torden i dag. Vel framme i Røros gjekk me litt som turister i gatene, før med kom over ein koselig café som heitte Frøyas hus. Her var det også overnattingsmuligheter, og me booka inn her for natta. Har no lada opp batteriene til morgendagens etappe med mat og fleire kopper med varm drikke! I dag kom Silje også tilbake i sykkelfølget, etter å ha hatt nokre kjekke dagar i bartebyen. Ellers har Anne Kristin pådratt seg ein aldri så liten forkjølelse. Har i grunnen hatt det eit sår dager, så snart vil den nok gå over :)

søndag 19. september 2010




Tydalen

Dag 21


SELBU - STUGUDALEN
78,4 km

Forlot selbuvottens rike etter ei relativ våt og regntung natt. Måtte psyke oss opp med litt mat i magen og x antal kopper kaffe, før me klarte å komme oss på syklane.

Det var trollsk stemning gjenom Tydalen med fossefall, bekkesildring, fuglekvittring, tåkedis som hang over grantrea i fjella, og flotte haustfargar som viste seg innimellom. Stemninga vart etter kvart mindre idyllisk, då regnet kom skyllande over oss. Me tok ein god pause på Emmas kro på Ås, og bestilte oss søndagsmiddag med dessert. Eigaren hadde fyrt i ovnen, og me slo oss ned rundt den og fekk tørka klede samt varma oss. Fekk igjen påfyll av koffeinprosenten i blodet, og batteriene vart fullada før sykkelhjula rulla avgårde dei siste mila av dagens etappe.

Stugudalen ynskja oss velkommen med ein stor regnboge over himlen. Me tok oss inn på ei campinghytte her. Fekk hengt opp våte klede, fekk varme i hytta med ovn og stearinlys samt laga oss kveldsmat på hybelkomfyren. Nyter stillheten.

Ellers har Maren-Sofie og eg tatt fram dei handye nevane og mekkeferdighetane våra, for å utføre eit nødvendig slangeskift på eine bakhjulet. Godt teamwork, tålmodighet, humor og latter, gjorde prosedyren lettare å utføre :)

I morgon er målet Røros, der me skal møte Silje som har tatt the easy way med buss :) Me håpar helsa heldt seg og har forøvrig bestilt meir go'ver dei neste dagane!

lørdag 18. september 2010

Dag 20


TRONDHEIM - SELBU
62 km

Etter å ha sjekka ut langtidsvarselet over Sør-Norge, viser det seg at det blir minst nedbør og vind i innlandet nærmaste framtid. Turen gjekk derfor i dag frå Trondheim til Selbu. Takk for god frukost og overnatting hos deg Ester! Me har kost oss masse :) og takk til Sigurd for ditt fansye "navigasjonssystem" som hjalp oss ut av byen.
Me søv te me vakna i dag, og trødde ikkje oss avgårde før ut på dagen ein gang. Sol og fint vær har gjort dagens etappe lett å sykle. Har passert mange trønderkyr i dag, etter dialekten å dømme.
Det går også unna i nedoverbakkane i trønderdistriktet, då me braut fastsgrensa med å sykle i 57km/t i 50-sona.. Litt action i kvardagen kan du sei..

Dagens blottlegging: Annes rumpe er mer herdet enn andres, og det vart ikkje særlig bedre da miss Sophie bytta ut dasspapir med spritservietter.. Dette er IKKJE å anbefalast etter skriket å bedømme..
Ellers har Anne-Kristin hatt ein velt på sykkelen. Girsystemet svikta i ein oppoverbakke, og fastlåst i pedalane som ho var, gjekk ikkje dette så bra, som du sikkert ser for deg.. Hendinga resulterte ikkje i noko mindre enn eit lite slag mot håndleddet pluss eit blåslått kne med skrubbsår.
Foruten om dette er livet på sykkel herlig :)

Dag 19, Å i Åfjord - Trondheim


Dagens etappe var ikkje så veldig lang, berre ca halvparten av gårsdagens. Dvs 62km. Har no tilbakelagt distanse på 136 mil, og er kome halvveis mot målet. :)

Dagen starta med dekka frukostbord heime hos Laila og Willy på Selnes gård. fekk til og med smake på ekte gårdsmelk her, og det er ikkje ofte ein får mulighet til :) Etter å ha kika litt på kartet og fått tips hos Willy om ka vei som var grei å sykle i forhold til hyppigere båtavganger, vart det eit anna veivalg enn Ørlandet. Sykla heller rv 715 fram til Vannvikan, og tok hurtigbåten over til trondheim. På G-Sporten i byen fekk bremseklossene og -skivene ein puss og og vask hos Inge. Takk for serviceen!

Midt i ein av byens smågater kjem plutselig Ole-Andre joggende, til overrasking for oss begge tenker eg :) men det var nok ei meining med det ettersom han kunne lede meg og maren-sofie på rett vei til Esters leilighet, der me skulle campe for natta. Veldig kjekt å sjå og henge med deke igjen! Takk for godt selskap :-D Det var alt for lenge sia.

Ellers så lurer kanskje nokon på ka dagens bilde skal bety..? Det er Maren-Sofies fine kne, under behandling av "kinesisk tape". Hos fysioterapeut har ho fått taxi-grønt lys til å fortsette, og det gjer me i morgon med ein roleg start.

RÅESTE OPPLEVELSE HIT TIL: -ein traktorfører. Dette var ingen fører ein venter å sjå heller. Det var ei dame. Ikkje ei så ung heller, men tipper ho var ca 80+ ! Det fins tøffe damer på Fosen, altså!

fredag 17. september 2010

Dag 18


Dagens etappe: Sjøåsen - Å i Åfjord. 113,3 km

Er veldig fornøyd med dagens etappe. Fram til seint i går kveld såg det ikkje så lovende ut med vinden og regnet som herja utenfor hotellet. Då eg var kome på sykkelen og i gang med dagens etappe: viste det seg at veret var mykje meir sykkelvennlig, og nedbøra kunne eg samle i eit eggeglass. Ja, det hjelper å be ei lita bønn opp til Sjefen ;)

Dei første 4-5 milene fram til Osen gjekk lett som ein lek med gjenomsmittsfart på 20km/t. Siste del av etappen viste seg med 3-4 seige stigninger, og tempoet sank gradvis ettersom anne e så sta og skal sykle opp alle bakker. lårene kjende også virkelig resultatet av oppoverbakkene. Tross mykje stigning, kom det jo flotte nedoverbakker. Dette viste seg på sykkelcomputeren, med ein speed på godt 60km/t...
Ellers vart dagens etapp sykla på rett under 6 timar, og føler ikkje behov å klage på det med alle stigningene i betraktning.

Har ellers fått tatt inn heime hos Willy-Andre sine foreldre, og blitt tatt godt vare på der.


Bildet i dag er av Nordmelanfossen, der eg hadde eine lunchpausen min.

onsdag 15. september 2010

Dag 17

Distanse: KOLVEREID - NAMSOS ca 53km


Ja, no set eg (sjølvaste skribenten te denne bloggen, Anne-Kristin).. iallefall virker det kanskje som om det er berre eg som skriv på bloggen, men sannheten er at dei andre dikterer mykje sånn at me e med på det alle i bunn og grunn.. Men no e da ialle fall meg, Anne-K.
Nok pjatt...


Det var dagen i dag eg skulle fortelje om.


For øyeblikket set eg aleine (kjem meir tilbake til det) på i restauranten på hotellet etter inntak av ein stor porsjon kjøttkaker. -No er det vel ca ein god time sia den va inne, og eg kjenner meg nesten svulten igjen.. krise i heimen.. Ja ja, sånn merkast det når ein er i så stor aktivitet om dagane!


Dagen begynte med frukost på Kolvereid Havhotell, før sykkelbagasjen vart pakka på sykkelen og me trilla vestover mot Rørvik. Her havna me seff først og fremst på Statoilen og fekk fullt opp koppane våre. På vegen her hadde me for det meste vinden som pusha oss litt ekstra framover, men plutselig kom den frå dei andre sidene også. I følge dama på statiolen var det visst veldig vanleg at vinden i desse traktene ofte bles frå alle kantar.. Ikkje godt å skjønne seg på dette nei.

Litt loffing i Rørvik måtte til før me sat oss på hurtigbåten til Namsos. Her fekk eg (Anne, ja) retta opp på bagasjebrettet som var på halv åtte. Ikkje godt å sei om det var bagasjen eller baken min som var årsaka.. oioi..

Deretter sykla eg vidare sørover på Rv 17 til Sjøåsen, ca 3 mil sør for Namsos. Veret hertil har desidert vøre da versta te no på turen! Fytti grisn!! Sterk vind, motvind for det meste, sås det så vidt gjekk på fram i det heile tatt. Nåken gonga i dag har vinden tatt godt i sykkelen så det kjendtes ut som om eg skulle lettast frå bakken. Forutenom vinden, har det regna i eitt.. og me snakke ikkje sduskregn, men ausande regn, som gjorde det umulig å vere tørr. Desse milene frå Namsos føltes ut som det dobbelte! Og eg skal vera ærlig å innrømma at eg tenkte tanken på ka i all verden e da eg har gjett meg ut på? Men eg henta meg kjapt inn: Dette skal eg fint klare tross forferdelig ver!
Fekk gos servise på hotellet og har fått ekstra ovn på rommet og hengt opp alle våte klær o.l. Så alt lover godt til i morgon!

Ja, no lure du vel på koffor eg set her aleine på hotellet.. Det skal eg sei deg. Maren har desverre problem med knena sine, og hoppa på ein buss te Tr.heim frå Namsos. Har fått eit telegram der ho seier hor har ankome bartebyen. Ho hadde visst inntatt joggebukssa og sofaposisjon mens ho knasker voltaren i håp om bedre tider! Og den tredje sykkelprinsessa hoppa på samme buss for å støtte sjukepleiefaglig eller som psykisk støtte for Maren-prinsessa. Då tenker eg reknestykket stemmer at eg set her (ditsja) av dei andre ;) Og det var ikkje aktuelt at eg skulle bryte iallefall så lenge eg har helsa i god behold!

No e eg knalltrøytt og skal krype under dyna. men aller først må eg fylle på med enda litt nattdrivstoff i magen, før den går til ro.

tirsdag 14. september 2010

Dag 16

Brønnøysund - Kolvereid

Etter nokre fantastiske dagar med mykje sol og godver langs Helgelandskysten, kom me inn i nord-trønderane sitt rike. Med andre ord er me ferdig å sykle gjennom heile Nord-Norge, samt er me kome ca halvveis i sykkelekspedisjonen 'Norge på langs'. -noko me er grådig happy med :-D

Dagens sykkeletappe bestod først i motvind og opplett. Deretter duskregn, meir regn, oppoverbakke, nedoverbakke, opp, opp, ned, opp rundt ein sving gjennom tunneller, inn ei vik, og opp og ned og like langt -slik føltes det nesten som i eit evig regnver. Men det kunne nok stemme at det var eit langt stykke me hadde sykla da sykkelcomputeren viste 106km.
Langs vegen i dag fekk nåken av oss ein skikkelig sølepyttdusj frå billister og trailere som køyrde forbi. Me tok også ferge frå Vennesund - Holm, der me fekk svært gode Nordkapp-Lindesnes rabbatter.
Ved ankomst Kolvereid var me kliss våte, og tok inn på den billegaste løysinga som vart eit fjordhotell. Her fekk me alle varmen i oss med ein ordentlig dusj, pluss inntak av et måltid mat.

Hølet i Torghatten.
(Det va ikkje så veldig bra bilde, men det beste som gjekk an å få med mobilen.. ) :-)

dag 15


Idag syklet vi fra skulehuset og til fergekaien på Vega, og kom oss ikkje særleg lenger med det aller første. Me gjekk på ein smell der me hadde sett feil på fergerutene, og fekk difor god tid til å slå av ein prat med lokale helter :-) Dei inviterte oss inn i varmen og spanderte kaffi på oss :) Etter mykje prat og latter saman med gjengen, tok me kursen mot øya Ylvingen og sjekka ut kulissene til himmelblå. Maren-Sofie spelte himmelblåsangen på høgtaleren med ipod'en, for å gjere opplevelsen ekstra stemningsfull. Veldig kjekt for oss det ja. Me hadde god tid på øya til å sjå oss meir rundt, så me hadde ein småskummel men spanande tur i dei tyske bunkersene og underjordiske gangene på øya.
Tok så sjøveien videre til Brønnøysund og Torghatten. Vakkert syn i strålende sol! Kveldsen vart inntatt på shell'en mens me prøvde å finne tak over hodet for natta. Eit par kjekke rånere kunne gladlig invitere oss med heim til seg... Men me fann det tryggast å ordne overnattinga på eiga hand ;) Hjulene rulla videre eit par mil i mørket, før me campa for natta.