søndag 19. september 2010

Dag 21


SELBU - STUGUDALEN
78,4 km

Forlot selbuvottens rike etter ei relativ våt og regntung natt. Måtte psyke oss opp med litt mat i magen og x antal kopper kaffe, før me klarte å komme oss på syklane.

Det var trollsk stemning gjenom Tydalen med fossefall, bekkesildring, fuglekvittring, tåkedis som hang over grantrea i fjella, og flotte haustfargar som viste seg innimellom. Stemninga vart etter kvart mindre idyllisk, då regnet kom skyllande over oss. Me tok ein god pause på Emmas kro på Ås, og bestilte oss søndagsmiddag med dessert. Eigaren hadde fyrt i ovnen, og me slo oss ned rundt den og fekk tørka klede samt varma oss. Fekk igjen påfyll av koffeinprosenten i blodet, og batteriene vart fullada før sykkelhjula rulla avgårde dei siste mila av dagens etappe.

Stugudalen ynskja oss velkommen med ein stor regnboge over himlen. Me tok oss inn på ei campinghytte her. Fekk hengt opp våte klede, fekk varme i hytta med ovn og stearinlys samt laga oss kveldsmat på hybelkomfyren. Nyter stillheten.

Ellers har Maren-Sofie og eg tatt fram dei handye nevane og mekkeferdighetane våra, for å utføre eit nødvendig slangeskift på eine bakhjulet. Godt teamwork, tålmodighet, humor og latter, gjorde prosedyren lettare å utføre :)

I morgon er målet Røros, der me skal møte Silje som har tatt the easy way med buss :) Me håpar helsa heldt seg og har forøvrig bestilt meir go'ver dei neste dagane!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar