mandag 20. september 2010

Dag 22


Stugudalen - Røros
67,25 km.
Her kjem ei lita oppdatering frå dagen. Grunna trøtthet blir det ein kortversjon ;)
Dagen har gitt oss mange flotte høstfarger over fjellet frå Stugudalen til Røros. Har passert Aursunden i flott ver, og nytt utsikten langs sjøen. Været har bestått av alt frå sol til regn, haggel og torden i dag. Vel framme i Røros gjekk me litt som turister i gatene, før med kom over ein koselig café som heitte Frøyas hus. Her var det også overnattingsmuligheter, og me booka inn her for natta. Har no lada opp batteriene til morgendagens etappe med mat og fleire kopper med varm drikke! I dag kom Silje også tilbake i sykkelfølget, etter å ha hatt nokre kjekke dagar i bartebyen. Ellers har Anne Kristin pådratt seg ein aldri så liten forkjølelse. Har i grunnen hatt det eit sår dager, så snart vil den nok gå over :)

1 kommentar:

  1. Om de skal sykle Tisleidalen så er vi på hytta til helga. Martin, Monika og Tiril er ved hytta på formiddagen fredagen tenker eg og me til kvelden. Eirin skal vere med oss ôg.
    Ring på om de vil ha ein kopp kaffe eller ein plass å kvile.
    Klem frå Hege

    SvarSlett