lørdag 18. september 2010

Dag 20


TRONDHEIM - SELBU
62 km

Etter å ha sjekka ut langtidsvarselet over Sør-Norge, viser det seg at det blir minst nedbør og vind i innlandet nærmaste framtid. Turen gjekk derfor i dag frå Trondheim til Selbu. Takk for god frukost og overnatting hos deg Ester! Me har kost oss masse :) og takk til Sigurd for ditt fansye "navigasjonssystem" som hjalp oss ut av byen.
Me søv te me vakna i dag, og trødde ikkje oss avgårde før ut på dagen ein gang. Sol og fint vær har gjort dagens etappe lett å sykle. Har passert mange trønderkyr i dag, etter dialekten å dømme.
Det går også unna i nedoverbakkane i trønderdistriktet, då me braut fastsgrensa med å sykle i 57km/t i 50-sona.. Litt action i kvardagen kan du sei..

Dagens blottlegging: Annes rumpe er mer herdet enn andres, og det vart ikkje særlig bedre da miss Sophie bytta ut dasspapir med spritservietter.. Dette er IKKJE å anbefalast etter skriket å bedømme..
Ellers har Anne-Kristin hatt ein velt på sykkelen. Girsystemet svikta i ein oppoverbakke, og fastlåst i pedalane som ho var, gjekk ikkje dette så bra, som du sikkert ser for deg.. Hendinga resulterte ikkje i noko mindre enn eit lite slag mot håndleddet pluss eit blåslått kne med skrubbsår.
Foruten om dette er livet på sykkel herlig :)

2 kommentarer:

  1. Dere e spreke! Kjekt å lese at alle e med igjen!
    Glede meg stort til dere kjem heim til Bergen by!!
    God tur videre!

    SvarSlett
  2. hehe..Tykke æg høre Maren;) God tur videre jenter!!

    SvarSlett