mandag 13. september 2010

Dag 14


I dag har me hatt ein roleg dag i Tjøtta. Etter ein deilig frukost vart me tatt med på hyttebesøk i nærområdet. Kjekt å sjå meir av tettstaden! På hytta fekk me kaffe, kake og ein fantastisk god rabarbradessert.

Seinare på ettermiddagen tok me ferja ut til øya Vega. Her såg me heger, hjort og mink eller oter (såg ikkje heilt forskjellen på sistnemnde). Når det gjeld overnatting, var planen eigentleg å slå opp teltet, heilt til regnet kom. Då såg me det heller betre å unne oss tak over hovudet for natta. Me ringte impulsivt nokre nummer, og tok inn på eit koseleg gamalt trehus. Mest truleg er det eit gamalt skulehus, etter interiøret å bedømme. Huset var stemningsfullt og ynskja oss velkommen med påtende ljos, oppvarma stove, og eit fjernsyn som surra svakt i bakgrunnen. Me fekk varmen i oss og laga oss ein enkel men god kveldsmat før me stupa i seng ein etter ein..

2 kommentarer:

  1. heisann,, har vært uten nett nån daga så æ måtte oppdatere mæ. Mange flotte bilda, og flotte opplevelsea. Alle vi på jobben følger med dokker og diskuterer hvor langt dokker e kommet. vi har og hatt nydelig vær her oppe i sept,,brita

    SvarSlett
  2. Så kjekt de følger med oss :)
    Me tenker ofte på deke mens me triller sørover på tohjulingane. Savner dere! -AK og MS

    SvarSlett