tirsdag 14. september 2010

Dag 16

Brønnøysund - Kolvereid

Etter nokre fantastiske dagar med mykje sol og godver langs Helgelandskysten, kom me inn i nord-trønderane sitt rike. Med andre ord er me ferdig å sykle gjennom heile Nord-Norge, samt er me kome ca halvveis i sykkelekspedisjonen 'Norge på langs'. -noko me er grådig happy med :-D

Dagens sykkeletappe bestod først i motvind og opplett. Deretter duskregn, meir regn, oppoverbakke, nedoverbakke, opp, opp, ned, opp rundt ein sving gjennom tunneller, inn ei vik, og opp og ned og like langt -slik føltes det nesten som i eit evig regnver. Men det kunne nok stemme at det var eit langt stykke me hadde sykla da sykkelcomputeren viste 106km.
Langs vegen i dag fekk nåken av oss ein skikkelig sølepyttdusj frå billister og trailere som køyrde forbi. Me tok også ferge frå Vennesund - Holm, der me fekk svært gode Nordkapp-Lindesnes rabbatter.
Ved ankomst Kolvereid var me kliss våte, og tok inn på den billegaste løysinga som vart eit fjordhotell. Her fekk me alle varmen i oss med ein ordentlig dusj, pluss inntak av et måltid mat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar