onsdag 29. september 2010

Dag 31


SELJORD - ÅMLI
112km

Joda, me liker tydeligvis å holde oss på ein ca 111 km lang dagsetappe..
Me vakna med sola i dag tidleg, og var letta over å ikkje ha opplevd noko ormattack ved Seljord camping i natt ;) Etter ein solid frukost var inntatt, var det berre å setje seg på sykkelsetet og leggje i veg! -og det er ikkje vanskeleg når sola og godveret er med oss frå morgon til kveld! Me er storfornøyde!! :-D
Til å nevne at me har køyrd slalåm langs Telemarkveien (Rv 41) mellom både levande og daude lemen. Då aller mest av den skviste sorten..
Har forhåpentligvis sykla over vår siste "fjellovergang" om den i det heile tatt kan kvalifiserast som det. ;) Samt har me trilla langs eit nytt vatn, nemleg Nisservantet. Vel framme i Åmli tok me inn på ei fin campinghytte like ved ei elv. Egentlig var det stengt for sesongen, men ein trivelig campingeigar lot oss heldigvis søkje ly for natta i ei av hyttene her. Me vart også fortalt at det skal ver bever her, men enda er ingen observert..
Atter ein dag er over, og søvnen har kalla på oss for lengst. No skal batteria, i fleire betydningar, ladast opp til morgondagens økt. Til då det som truleg vil vere den nest siste dagen på turen! :)

1 kommentar:

  1. Steike! deke e so sprek! heile Noreg på langs! flinke jente;)

    SvarSlett