fredag 24. september 2010

Dag 26


SKÅBU - LEHOVD
58km
May day may day!! SOS! Vakna til sludd, og det burde med det ha ringt ei bjelle.. Eneste bjelle som ringte, var bjelleklang over skog og hei, hør på sykkelisters klagesang når sykk'len sklir i vei...
Dette er turens desidert mest livstruande, kalde, våte, og guffne dag, med mykje kvitkledde veier og snøkaver i lufta! Var freaking nær døden heile gjengen med frostgrader, føltes det virkelig ut som iallefall. Jotunheimveien viste seg ikkje frå si beste side, kan du sei. Smerte! Vart ikkje særlig bedre då me ankom Bygdin fjellkro, som ønska oss velkomen med stengte dører og eit skilt som sa "åpent frå 2.april". Var litt lenge å vente, og vurderte sterkt å bryte oss inn. (Gjorde altså ikkje det då.) 113 var også oppe til vurdering...
Dramaet løyste seg på mirakuløst vis, og endte opp på mamma og pappa Blom sitt høgfjellshotell. :) Badstua der vart fyrt kjapt opp, kor me sat ein god time og pimpa varm kaffi -av alle ting. Skuldrene sank og me fekk i oss varmen igjen. No er alt berre fryd og gammen :)

3 kommentarer:

  1. Brrr...det ser ganske så kaldt ut det der ja! Go tur videre, og sykle forsiktig!!!!:)

    SvarSlett
  2. sophien som er skribent? korleis går da med kneet?

    SvarSlett
  3. Herliga london!! Nesten so at dokke skulle ha investert i piggdekk:) (som tidlegare sykkelsalgsmann, so vil eg i alle fall fråråde heilt "slicke" dekk på sånt føre). De får sykle forsiktig, og trøyste dykk med at snøen nok held seg i høgda!:) Halvard

    SvarSlett