lørdag 18. september 2010

Dag 19, Å i Åfjord - Trondheim


Dagens etappe var ikkje så veldig lang, berre ca halvparten av gårsdagens. Dvs 62km. Har no tilbakelagt distanse på 136 mil, og er kome halvveis mot målet. :)

Dagen starta med dekka frukostbord heime hos Laila og Willy på Selnes gård. fekk til og med smake på ekte gårdsmelk her, og det er ikkje ofte ein får mulighet til :) Etter å ha kika litt på kartet og fått tips hos Willy om ka vei som var grei å sykle i forhold til hyppigere båtavganger, vart det eit anna veivalg enn Ørlandet. Sykla heller rv 715 fram til Vannvikan, og tok hurtigbåten over til trondheim. På G-Sporten i byen fekk bremseklossene og -skivene ein puss og og vask hos Inge. Takk for serviceen!

Midt i ein av byens smågater kjem plutselig Ole-Andre joggende, til overrasking for oss begge tenker eg :) men det var nok ei meining med det ettersom han kunne lede meg og maren-sofie på rett vei til Esters leilighet, der me skulle campe for natta. Veldig kjekt å sjå og henge med deke igjen! Takk for godt selskap :-D Det var alt for lenge sia.

Ellers så lurer kanskje nokon på ka dagens bilde skal bety..? Det er Maren-Sofies fine kne, under behandling av "kinesisk tape". Hos fysioterapeut har ho fått taxi-grønt lys til å fortsette, og det gjer me i morgon med ein roleg start.

RÅESTE OPPLEVELSE HIT TIL: -ein traktorfører. Dette var ingen fører ein venter å sjå heller. Det var ei dame. Ikkje ei så ung heller, men tipper ho var ca 80+ ! Det fins tøffe damer på Fosen, altså!

1 kommentar:

  1. Dagen starta med dekka frukostbord heime hos Laila og Willy på Selnes gård.

    det heter ikke selnes gård!

    SvarSlett